Fristen er sett til 15. mars, og annonse i Sogn Avis kjem laurdag 6. mars. Annonse sto òg i februarutgåva av Aurlendingen.
Alle må søkje elektronisk på Aurland kommune si heimeside, i venstre kolonne under fana "Søknad om kulturmidlar". Då kjem ein rett inn i søkeportalen.
Dersom du treng hjelp til utfyllinga, så ta kontakt med biblioteket, kommunetorget, Beathe E. Stentvedt eller underteikna. Det ligg òg rettleiing på søkeportalen.
Alle lag og organisasjoner skal ha fått tilsendt retningsliner for kulturmidlar i Aurland kommune. Dersom ikkje, så vil de kunne finne dei her