Stortinget vedtok den 17. juni 2005 "Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne med meir". Lova trådde i kraft 10. september 2007.
Aurland kommunestyret vedtok i sak 020/08 den 13. mars 2008 mandat og samansetting av rådet.
Mandat for råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Aurland kommune:
- Rådet skal få fram erfaringar og utviklingsbehov for menneske med nedsett funksjonsevne i Aurland
- Rådet skal trekkjast inn som aktiv parti kommunen sitt planarbeid
- Rådet skal stå på lista over høyringsinstansar for kommuneplan, reguleringsplanar og detaljplanar
- Kommunen utviklar faste samarbeidsrutinar med rådet
- Kommunale råd og kommunen bør ha felles opplæring i universell utforming, og rådet bør vere ein pådrivar til å få universell utforming inn i overordna planar
- Rådsmedlemene bør få intern opplæring i aktuelt lovverk og informasjon om oppgåvene til dei ulike tenesteområda i kommunen
- Rådsmedlemene bør få delta på folkevaldopplæringa
- Rådet bør følge og delta på kommunen sin årsplan/tiltaksplan. Årshjul bør vere likt både for kommunen og rådet. Dette er særleg viktig i planarbeid
- Rådet er tilgjengeleg på kommunen si nettside
- Rådet bør ha to samlingar pr år der alle brukarorganisasjonar i kommunen er invitert, elles har rådet møte om lag ein gong pr månad. Leiar kallar inn.
- Rådet bør ha eige budsjett, slik at medlemane kan få få høve til kompetanseheving. Sekretær er ansvarleg for budsjett og årsmelding .
- Rådsmedlemene får same møtegodtgjersle som andre nemnder, utval, råd og styre
Samansetjing av rådet:
- Gry Halle, foreldrerepresentant for barn og unge, leiar i rådet
- Jens Lønne, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, nestleiar i rådet
- Gerd Olaug Aas, Revmatikarlaget
- Atle Winjum, kommunestyret
- Anna Karine Marstein, ergoterapeut i Aurland kommune, sekretær i rådet
Møte i rådet:
Rådet har møte om lag ein gong pr månad. Møta er som regel i tidsrommet 12.00 – 14.00 og vert haldne på Fjordsentret.
Innkallingar og referat frå møta (pdf-format):
Innkalling til møte 06.05.08
Referat frå møte 06.05.08
Innkalling til møte 03.06.08
Referat frå møte 03.06.08
Innkalling til møte 26.08.08
Referat frå møte 26.08.08
Innkalling til møte 04.11.08
Innkalling til møte 21.01.09
Referat frå møte 21.01.09
Vedlegg 1: Heis Helsetunet
Vedlegg 2: Konsulent for funksjonshemma
Innkalling til møte 17.03.09
Referat frå møte 17.03.09
Innkalling til møte 19.05.09
Innkalling til møte 21.09.09
Referat frå møte 21.09.09
Vedlegg: Klage på utforming av NAV-kontor
Innkalling til møte 7.12.09
Referat frå møte 7.12.09
Innkalling til møte 25.01.10
Referat frå møte 25.02.10
Vedlegg 1: Sak 02 NAV-klage
Vedlegg 2: Sak 04 Høringsfråsegn om satsar PRO
Vedlegg 3: Sak 05 Brev om P-plassar
Innkalling til møte 14.06.10
Høyringsfråsegner
Rehabilitering av ABU januar 09
NAV-kontor, plassering og tenesteinnhald, august 2008
Kommuneplan Arealdel
Årsmeldingar
Årsmelding for 2008
Årsmelding for 2009
I Norge finst det to paraplyorganisasjonar for funksjonshemma sine organisasjonar, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, FFO og Norges Handikapforbund, NHF. Klikk på lenkene og finn alle brukarorganisasjonane dei omfattar!
Du finn lenkene på desse adressane:
www.ffo.no
www.nhf.no